Hawaii-rose Rarotonga 1999
Heim
Album
Reisebrev
Denne sida er ikkje ferdig enda!
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

Dans
hobby - kultur

Dette er ei skuleoppgåve som Oda har laga her på Rarotonga


Hobbyen min er å danse. Eg byrja å danse då eg var 6 år, på leikarring. På leikarring likte eg meg ikkje så godt, ikkje spør meg kvifor, men etter eit halvt års tid, slutta eg.

Klassisk kostymeNokon månader seinare fann mamma ei annonse i avisa, der det stod at det skulle starte ballett i Førde. Der byrja eg, og eg var 7 år gammal.

Eg gjekk på klassisk ballett i 2 år, og på dei 2 åra var eg med på 2 forestillingar.

Så byrja eg på jazzballett i tillegg til klassisk ballett. Då gjekk eg på ballett 2 gonger i veka.

JazzballettKostyma vi brukte i klassisk ballett, bestod oftast av noko som kan minne om ei badedrakt, og vi brukte strømpebukse, skjørt og ballettsko. I jazzballett hadde vi ofte litt annleis kostyme, som f.eks. ei strømpebukse med klipt hol i som topp, og fullt av spraglande fargar. Men det hende og at vi brukte bare ein topp og ei jazzbukse. Nokon gongar hadde vi litt rare kostyme i klassisk ballett og, som f.eks. kunne vi bruke badehette e.l.

Etter 4 år med ballett reiste vi på ein lang tur, til ei øy i Stillehavet, ei øy som heiter Rarotonga, ei øy med andre dansetradisjonar.

Island Night
Dansekunsten, som går langt tilbake i tid, greidde å overleve kristendommen sine strenge reglar. I dag er dansen og songen frå Cook Islands kjent for å vere den beste av sitt slag i Polynesia. Song , trommer og dans høyrer saman, og kan variere frå sakte, melodisk, til rask rytme, følgd av høg, sterk tromming. Kvar dans har si eiga forteljing, og kvar bevegelse har ei lita setning, eller eit lite ord. Dansen er ofte erotisk, men folk frå Cook Islands er stolte av dansen , og alle kan danse frå dei er små, til dei er gamle. Skulane arrangerer årleg danse- og trommetevlingar seg i mellom, og dans og tromming er eige fag i barneskulen. Såleis blir dansekunsten halden ved like, og dansen blir brukt som kanskje det viktigaste varemerket for Cook Islands, både for turistane her og når dei skal presentere kulturen sin i utlandet.

Oda øverOm du spør ei jente eller ein gut om kortid dei begynte å danse, vil dei sjå fortumla på deg, og ikkje svare. Det blir omtrent som å spørje om kortid dei begynte å gå, eller noko slikt, for jo før dei kunne danse, jo bedre.

Første gong eg kom i møte med dansetradisjonane her på øya, var på ‘Island Nights’ på forskjellige hotell og restaurantar. Der opptrådde forskjellige dansegrupper, og når dei hadde dansa ferdig, kom dei ned frå scena, og bydde nokon av publikum opp. Det var då eg kom i kontakt med dansen her.

Etter at vi hadde vert på ein del Island Nights, bestemte eg meg for at eg ville lære meg denne dansen, så eg starta på det vi heime ville kalle ‘hula, hula’ dansetrening.

Dansemeister RarotongaNår du dansar har du føtene saman. Så bøyer du den eine foten litt, og strekker den andre litt, og når du f.eks. bøyer den høgre foten skal du ta hofta opp på venstre sida. Ofte går det heilt automatisk med hofta. Du kan gjerne gå litt opp på tå på den sida du strekker foten for å få hofta til å gå lenger opp. Og så skiftar du heile tida med bøygd, strekt, bøygd, strekt osv. Armane kan gjøre fleire bevegelsar, eller så kan du bare la dei sitte på hoftene. Mange bevegelsar i ‘hula, hula dans’ lignar litt på bevegelsane i klassisk ballett.

Kostyma består av ein kokosnøtt bh, og bastskjørt. Det hender dei og bruker ‘pareu’ (eit tøystykke som blir knyta og bretta rundt hoftene, og som heng ned til kneet, eller så går det heilt ned til føtene) Du har alltid eit slags belte når du dansar, for å forsterke hofte bevegelsen. Bastskjørtet er laga av barken til hibiskus, eit treslag som er veldig nyttig. På kvar forestilling har dei alltid ferske blomsterkransar og anna blomster pynt.

Gruppa eg fekk danse med heiter ‘Orama’. Den blir rekne for å vere ei av dei beste dansegruppene på Rarotonga.

Skriven av ()d@ :-) :-) :-) :-) :-)

Jazzballett

 

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok