Sett frå hi sida av jorda - reisebrev
 

Heim
Album
Reisebrev
Bokmerkje
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

Edvin, no opp ned!

Draumen om Rarotonga seks år etter
av Edvin Helgheim

foto: j©stein

 

Siste artikkelen min i Firdaposten hadde eg på trykk 23. desember 1999. Vi var heime i vinterstormen etter nesten eit halvt på reise, alle bilda var framkalla og saknet etter sydhavet sat djupt i kroppen, trass i at vi skulle opne julepakkane neste dag.

Overskrifta på artikkelen, bretta ut over to sider, var "Paradis på jord?" Og spørsmålsteiknet var borte når eg summerte opp: "Med snøslapset surklande i støvlane er det sjølvsagt lett å lengte tilbake til eit land med gjennomsnittstemperatur rundt 25 grader, til å kunne rusle berrføtt langs
endelause sandstrendene med den blå lagunen utanfor, til å snorkle i ein
eventyrhage av korallskog og tallause fargerike fiskar, til å møte eit folk med stort hjartelag og mykje tid. Paradisøya ligg der, på hi sida av jorda"

Forfattaren prøver seg som bananplukkar.Fjorten reisebrev hadde eg i Firdaposten dei fire månadene vi budde på Rarotonga, med Jostein Nyfløtt sine bilete. Ut over hausten hadde dei fast plass på sistesida laurdagane, og dei vart mykje lesne, høyrde eg, då eg kom heimatt. Folk skreiv til avisa og ville ha artiklane tilsende, og eg møtte mange på gata – ukjende òg – som takka for sydhavsstemninga. Eg trur mange ber på draumen om stillehavsøya inni seg, men for mange blir det 14 dagar på ei Thailandsk strand (eller fjernare Mauritius eller til og med Hawaii). Draumen kan vi bere på lenge. Det gjekk vel 20 år frå vi byrja å snakke om stillehavsøya til vi fekk realisert draumen, og ventetida var ei god tid.

Saknet etter å få gjenoppleve draumen kunne faktisk vere tyngre. Og det gjekk nesten ikkje ein dag dei første par åra der det ikkje dukka opp stillehavsbilde for mitt indre auge. Kjem eg meg ikkje tilbake innan fem år, skjer det aldri, sa eg vel òg. No har det gått godt og vel seks år. Draumen ligg der – og eit ørlite håp om at det ikkje er for seint.

Stranda nedanfor huset på Rarotonga

Det vi kan vere redd for, er at for mykje er forandra. Det var sjølvsagt ei heilt spesiell ramme rundt turen, med ungar i rette opplevingsivrige alder, to familiar som fann ut at vi kunne leve godt i lag og utvikla eit godt venskap. Den ramma kan vel ikkje gjenskapast. Finn vi att det paradiset vi forlet og som har levt i minnet? Turismen krev sitt. Mykje kan bli forandra, folk blir meir profesjonelle og den naturlege varmen og hjelpsemda vi møtte, kan bli borte. Den utviklinga var i gang då vi var der rundt tusenårsskiftet, skulle vi tru lokalfolk vi snakka med, og den kan skyte fart når massetursimen slår til. Ville vi finne kafeane og møteplassane som var der sist, dei lange sandstrendene der vi hadde god plass, og der dei mange lause hundane var dei sikraste kompanjongane på stranda? Ville vi kunne gå turane våre inn i skogane og opp mot toppane, eller vil dei vere nedtrakka og forsøpla? Ville ei av verdas vakraste lagunar, på øya Aitutaki, vere full av ståkande ungdommar? Ville vi finne att dansegruppene i alle aldrar og profesjonar som framfører kanskje noko av dei vakraste stillehavsdansane (iflg. Lonely Planet)? Det imponerande kulturlivet, organisasjonslivet, kyrkjelivet som eg ikkje har sett maken til nokon annan stad? Ville vi framleis kunne leige privathus med god standard til ein rimeleg pris?

Ein av dei første vi vart kjende med utanom vertskapet, dreiv ein liten perlebutikk på Muri Beach. Han heitte Jim Tokerau og var gift med ei indisk jente, og i lag livberga dei seg på den vesle butikken der vi var innom og fekk sendt og mottatt e-mail den første tida før Jostein dukka opp med sin laptop og fekk kopla seg opp mot Cook Islands eige gode internettsystem. I eit intervju i lokalavisa snakka Jim òg om paradiset på Cookøyane. Han hadde reist mykje rundt, m.a. i Asia, og han meinte at nesten ingen stad kunne samanliknast med heimeøyane. Tryggleiken, nesten fråver av kriminalitet, fråveret av svolt, stor likskap mellom folk, samhandling og ansvar for kvarandre, kulturlivet. Dei venta barn på dei tider vi drog frå øya, og han meinte at Rarotonga måtte vere eit av dei tryggaste samfunna å vekse opp i. Eg har ikkje hatt kontakt med Jim etter at vi drog, men eg trur han.

Eg har prøvt å følgje med utviklinga, og mi faste avis var då og er framleis Cook Islands News. Etter kvart var eg fast abonnent på nærbutikken der avisa vart lagt av til ”Mr. Smith”. Det er ei avis som fortel om smått og stort, frå politikk, og samsfunnsliv. Kultur og sport, har vermelding og annonser, m.a. for gode overnattingsstader.

Eg finn att same samfunnet i avisa framleis. Mange av dei same politikarane driv framleis sitt spel (dei kan jo vere seigliva), men reportasjane om flaumar og storm, som vi kunne oppleve, og fleire rapportar om myggen som fører med seg det som kunne vere skrekken, denguefeberen. To turistar var smitta siste året, omtrent på gjennomsnittet. Folk blir minte på at dei må klippe graset og hekkane slik at denguemyggen ikkje får det for godt. Eg les òg om kulturfesten om hausten der alle skulane presenterte sine kulturprogram, og det er framleis bilde av danseopptrinna i lokale kostymer som dominerer. Eg les om turneringane mellom skulane og øyane i alle slags idrettsleikar framleis er på plass, Gospel Day blir framleis arrangert om hausten, der kyrkjelydane øya rundt lagar sine spel og opptrinn som store folkefestar. Rugby er framleis ein viktig idrett der ulike delar av øya har sine lag samtidig som The Cooks deltar i Stillehavscupen der dei òg møter lag frå rugbystormakta New Zealand, men og softball, strandvolleyball, fotball, cricket. Landskamp mellom Cookøyene og TongaUtruleg at ei øy på 10 000 menneske kan stille folk til alle laga! Og eg les om blomsterfestivalen, Tiare, heile øyane er bugnande blomsterhagar. Og jentene er like vakre og stiller opp til missetevling lokalt og Stillehavet rundt! Alt dette kjenner eg att. Også meldingane om at små Stillehavssamfunn lenger nord held på å drukne i klimaendringane og oppvarmingane sitt namn!

120 000 turistar besøker Cookøyane på eitt år, las eg i ein artikkel. Det høyrest mykje ut, men dei er færre enn dei som reiser med Flåmsbana ein sesong! Dei fordeler seg ut på 10-12 øyar i ein sesong som varer heile året, og då trur eg ikkje landet blir nedtrakka. Det har kome eitt nytt storhotell, trur eg. Men Cookøyane ligg framleis utanfor massestraumen som går til t.d. Samoa, Fiji, Tahiti. No las eg for nokre dagar sidan at det lokale flyselskapet skulle starte direkte flyrute til Tahiti, men meir straum av turistar enn direkteruta frå New Zealand eller Los Angeles (som vi kom med), vil vel ikkje denne lokalruta gje?

Jau, eg trur øyane ligg der ikkje så veldige ulike dei vi drog i frå for seks år sidan. Kjentfolk kunne vi òg treffe att. Eg trur eg vil våge å leve på draumen enno ei stund.

Edvin Helgheim

For dei som vil drøyme meir om Stillehavet, og om alle øyane i området, så kan det vere lurt å gå inn på Terje Dahl si heimeside. Han og familien hans budde i Stillehavet i mange år, og heimesida hans ”Sydhav” er vel verdt å gå inn på, den er ganske oppdatert. Ei god turistside er www.ck . Og søstrene Helene og Ura, som vi leigde hus av heile tida, ser ut å ha hus til utleige enno: Shekinahhomes. På ”Sydhav” finst det mange fleire linkar, og Cookøyane har lenge vore veldig oppe på nettet. 

 

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok