Sett frå hi sida av jorda - reisebrev
 

Heim
Album
Reisebrev
Bokmerkje
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

Edvin, no opp ned!

Reisebrev frå Rarotonga
av Edvin Helgheim

foto: j©stein

trykt i Firdaposten 2. oktober 1999

 

Kia Orana!

Det går eit VM føre seg på våre kantar nett no, VM i nettball, som denne helga blir avslutta i New Zealand(NZ). NZ er favorittar, framfor Australia. Outsiderar er Sør-Afrika, USA og - Cook Islands! Dette vesle landet med sine 16.000 menneske (eller denne øya med sine 10.000) stiller altså i eit VM mot sportsstormakter, og kan kjempe i det fremste skiktet. Dei vann 3 av dei første kampane, m.a. slo dei Canada 64-37, men blei (sjølve) slegne av NZ og Sør-Afrika.

Heile VM-deltakinga hang ei stund i ein tynn tråd, fordi Cook Island ikkje hadde råd til å reise, men etter kriseoppslag i avisa, stilte velvillige sponsorar opp i siste augneblenken og berga turen. Sponsorane må ofte trå til, for det er ein fantastisk sportsaktivitet her på øya, ein aktivitet som vi i heimlandet ikkje torer drøyme om ein gong. I fare for å gjere heimlege idrettsleiarar misunnelege, kan eg fortelje at eg har talt 10 grasbaner rundt øya, (kvaliteten er sjølvsagt vekslande, her er lite importerte grasmatter). Eg skulle forresten gjerne sett ein rugbykamp gjennomført på grus - det hadde blitt ein blodig affære! Hovudstadion har overbygd tribune for 1000 menneske.

Så veit de kanskje ikkje kva nettball er? Nettball er ein verdssport tilliks med mange andre som er temmeleg ukjende oppe i nord (langrenn er temmeleg ukjend her nede..), og liknar litt på basketball, ofte spelt av kvinner (men det er òg basketballserie for kvinner her på øya).

Denne helga er det elles eit landevegsløp som i naturprakt til og med kan konkurrere med Rett Vest. Rarotonga rundt på 32 km er eit løp eg skulle unne mange heime-sprekingar, det er eit løp gjennom ein rosenhage. Ein amerikanar som heiter Gustavson har vore fast vinnar siste åra. I dag startar Oceania-cup i squash i Australia, Cook Island har deltakarar i favorittsjiktet Og denne veka har det òg vore internasjonal Rugby-tevling her på øya med deltaking frå ei rekke av landa i Stillehavet, ei tevling for lag med spelarar under 19 år. Det var kjekt å sjå heimelaget slå Samoa nedi støvlane etter dei forsmedelege tapa mot Tonga tidlegare i år.

Tongagjennombrot mot Rarotonga
Rugby den store sporten. 8-10 vaksenlag stiller i serie (min 20 spelarar på kvart lag, det blir 200 i aktivitet berre i denne sporten). Det gjekk ein del kampar før eg forstod poenget. To lag i vill kamp om ein ball kjenner vi frå fotball. Men her tok dei ballen under armen og sprang for livet, rett inn ein mur av motspelarar som brukte alle knep for å rive spelaren over ende. Nestemann tar over, og etter nokre sånne bataljar, tar ein spelar brått ballen og spelar han på skrå ut over sidelinja, og motspelarane tar over. Å skore mål mellom dei to stengene ser ut til å vere mindre viktig, og dommaren bles ikkje uansett om dei dreg i skjorta eller sparkar krokfot. Kanskje dette var sporten for sunnfjordingane? I gamle dagar ville røynsle frå dansar i Eikefjorden kome godt med i denne sporten.

SoccerFotballserien (soccer) har nettopp starta. Nye lag frå alle bygder og byar - igjen skal dei same 10.000 menneska stable på beina lag til serien, også eigen dameserie! Eg ser at store fotballkommunar i heimefylket ikkje klarer å halde liv i eit skarve damelag i kvar kommune, her klarer dei det i kvar grend. Opningskampen eg såg på Matavera stadion førde til heimetap for damelaget med 0-2, men innsatsen og kvaliteten var upåklageleg.

Volleyballen er det jentene som dominerer i eigen serie, og med veldig høgt nivå. Softball (som er ein variant av baseball) blir spelt av både kvinner og menn. Og altså så den forunderlege cricket-sporten som det nett no ikkje er sesong for, men som òg skal vere ein hovudsport her på øya.

I tillegg er golfbana i jamn bruk. Ei vekestevling med internasjonal deltaking er nettopp avslutta, og i oktober er det ny stor turnering på øya Aitutaki, som har sine 2000 innbyggarar. Der må kampen ta seg pause når fly landar og tar av, fordi bana er ein del av grøntanlegget rundt flystripa! Første statsministeren var derifrå og sørgde for fin bane. I det heile er dette golf for dei mektige, trur eg, m.a. vart siste regjeringa danna på golfbana...

Sportsaktiviteten er altså til å misse pusten av, og i tillegg til at ein stor del av den vaksne befolkninga deltek i ein eller annan idrett (+ er supporterar, trenarar, kasserarar), er ungane med, ikkje minst på tevlingar mellom skulane. Så kjem andre, meir sporadiske idrettar inn - td. trimløp og padlekonkurransar (mange har sikkert venta med spenning på resultata frå padlekonkurransen som eg skreiv om for lenge sidan: Laget vårt - Muri-jentene vart diverre slått, men trøysta er at dei som slo dei, kjem her frå Vaimaanga, der vi no har hus..

Murijentene

Mykje gale kan ikkje skje når alle skal drive med idrett heile tida. Alvors tala må dett vere ein veldig styrke for øya. Men det går òg lysteleg føre seg kvar laurdag på idrettshuset på Muri, der det er dans og spel - og drykk. Skjenkeretten er liberal. Men som eit apropos til det eg skreiv om sist laurdag: Lokalavisa har annonse om årsmøte i Takuvaine Sports Club. Saklista er sett opp: Punkt 1: Opningsbøn. Etter vanlege årsmøtesaker (rekneskap, sportsleg status, val), sluttar saklista med pkt.9: Avsluttande bøn. Kanskje det kunne vore ei sakliste for Florø Sporstklubb (lukkeleg uvitande som eg er om heimleg tabellsituasjon).

post til Edvin

 

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok